Vikafjellstunnelen

Vinterregulariteten på riksveg 13 over Vikafjellet er så usikker at fjellovergangen bør erstattast med tunell.

Sidan sist NTP-vedtak i 2017, har ikkje Vikafjellstunnelen vore inne i Nasjonal Transportplan. Dette var ei stor skuffelse, og Fjordvegen Rute 13 arbeider for at også dette viktige prosjektet pga rassikringsbehovet må inn i revidert NTP 2022-2033 ved vetaket i juni i 2021.
I forslaget frå Statens Vegvesen pr hausten 2020 ligg ikkje denne tunnelen inne, men mindre rassikringstiltak på sørsida.

Status:
Vintertilhøva er stabilt uhaldbare med stadig stenging pga uver og fare for snøras. Dette gjev låg oppetid samstundes som arbeidet med å prøva å halda vegen oppe vinterstid kostar svært mykje pr døgn. Høg rasfaktor på fleire punkt gjer av vegen raskt blir stengt utfrå prinsippet om føre-var.

 

Riksveg 13 over Vikafjellet er ein heilårsveg som i prinsippet skal vera open tilnærma kvar dag året rundt. Det er han ikkje. Vegen blir ofte skildra som den mest stengde heilårsvegen i Noreg, og det er ikkje rart. Det er ein lang, smal, bratt og svingete veg i ope landskap som raskt snør eller bles igjen. Snøen som brøytemannskapa må fresa vekk kan vera opptil seks meter i høgda. Dessutan kostar det storsamfunnet dyrt å halda vegen vinteropen. Berre i desember 2013 kosta vinterdrifta over Vikafjellet om lag 2,2 millionar kroner.

Den dårlege vinterregulariteten fører i dag til store utfordringar for næringslivet og innbyggjarane i regionen. Grunna vêrtilhøva om vinteren er vegen ofte stengt eller berre open for kolonnekjøring. I åra 2007-2012 var det i snitt 1.500 timar kvart år der vegen over Vikafjellet anten var nattestengt, mellombels stengt eller berre open for kolonnekjøring. Frå 2013 har stengt tid pr vinter vore mellom 1.500 – 2.000 timar.
Vinteren 2019-20 hadde svært mange døgn stengt veg.

Dessutan fører vegen til unormalt stor slitasje på materiell og sjåførar. I tillegg skapar den utrygge forhold for alle som ferdast der – ikkje minst møtande trafikk når eit 50 tonns vogntog skal takast opp og ned slike høgder på speilblankt vinterføre. Norske transportørar som opererer vogntoga sine året rundt føler dette som ekstra slitande.

Ein semitrailer eller vogntog som kjører dagens veg bruker om lag 9,5 liter diesel per mil. Med ny Vikafjellstunnel vil ein ikkje berre få kortare veg, mindre stigningar og jamnare fart, men ein vil òg redusera drivstofforbruket per mil til 6,0 liter. Det betyr at ein trailer, berre éin veg gjennom Vikafjellstunellen, vil spara heile 45 liter diesel, noko som betyr både billegare transport men òg mindre skadeleg for miljøet.

Dersom vegen skal vera eit reelt vinterope alternativ for tungtransport til og frå nordsida av Sognefjorden, må det veljast ei veg- og tunneløysing som fjernar dagens stigningsproblematikk. Vikafjellstunnelen – med trygg veg mellom Vik i Sogn og Voss  – er viktig for heile regionen og som indre samanbindingsveg av storfylket Vestland. Ein får då ein vinteropen, sikker veg med moderat stigning, noko som igjen vil gje store innsparingar i direkte transportkostnader og kjøretid, men òg for miljøet.

Frå 2020 går Riksveg 13 inn på nordsida av Sognefjorden til Sogndal som avslutningspunkt og Vikafjellet er blitt enno viktigare for samanbindinga av regionen.
Les om nye Fjordvegen og kor viktig vegen er for Vestland fylke.

Vik Næringssamskipnad jobbar kontinuerleg for betra samferdsel og tunnel gjennom Vikafjellet.

Myrkdalen Fjellandsby nord for Voss er og svært opptekne av å få på plass tunnel gjennom Vikafjellet.