Ryfast

Ryfast. (Illustrasjon: Statens vegvesen)Riksveg 13 Ryfast er eit nytt vegsamband hovdusakleg under fjorden mellom ny E39 i Stavanger kommune og dagens riksveg 13 i Strand kommune.

Ryfylketunnelen, ein 14,3 km fire felts tunnel vart opna med stor festivitas 30.12.2019. Tunnelen er ved opning verdas lengste undersjøiske tunnel rekna for bilar. Det tek ca 11-12 minutt å køyra gjennom mellom Hundvåg og Solbakk i Strand. Dei to neste tunnelane, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen på Stavangersida blei opna digitalt av samferdselsstatsråd Hareide i våren 2020 slik at Ryfastprosjektet er nært fullført.
Ferjesambandet Stavanger – Tau vart nedlagt ved opninga 31.12.2019 medan ferjesdmbandet Lauvvik – Oanes har fått ny privat løysing.

Rv 13 har med dette fått sin sørlege avslutning i Stavanger kommune.

Heilt sidan midten av 1970-talet har Ryfylke hatt ein visjon om og arbeidd for eit samband til Stavanger-halvøya. Eit av Ryfast sine hovudføremål er å gi eit enklare og betre samband mellom Ryfylke og Nord-Jæren enn dagens ferje- og snøggbåtsamband

Ryfast-prosjektet sitt andre hovudføremål er å gje innbyggjarane og næringslivet på Hundvåg/Buøy eit nytt samband til fastlandet for å leggje til rette for utvikling og busetting og næringsliv på øyene.

Etter opning og utover første driftsår 2020 har alle trafikkprognosar vist seg å vera for låge. Grunnen til dette er openbart og situasjonen kor innføring av vedtatte bompengar må venta pga tekniske problem.