NTP 2022 – 2033 og skredsikringsbehov

Vinterregulariteten på Rv 13 over Vikafjellet er så usikker at fjellovergangen må erstattast med tunell.

Statens Vegvesen la i desember 2019 fram ein svært viktig revidert rapport som eit av grunnlaga for prioriteringane i ny NTP: Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest. 
Sidan sist Stortingsvedtak om NTP i 2017, har fleira av dei strekka som styret og medlemma utpeikte langs Rv 13 fått forverra situasjon. Ma. er skredfaktor no for delar av Vikafjellet 5,3, medan høgaste faktor for noko strekk i Region vest er 6.0.
Rv 13 har ca 16 skredpunkt med høg skredfaktor (3,5-6,0), men fleire av desse ligg samla på same strekningane som på og nær Vikafjellet, Odda – Tyssedal, Brattlandsdalen og Rødsliane. (Foto til høgre, Suldalsposten: steinras over rv 13 ved Suldalsvatnet hausten 2019)
Statens vegvesen har fått no rekna på fleire av skredpunkta som er definert som problematiske punkt. Det er no tal for alle punkt med høg og middels skredfaktor, men med usikkerheit på 25% der det finst eit plangrunnlag, og 40 % usikkerheit der det ikkje finst plan.
Delfaktoren Omkøyringstid er noko endra til meir reell tilleggstid for omkøyring.

Frå rapporten:
Faktiske forhold på strekninga gir kvar einskild faktor ein verdi frå 0 til 10. Kvar faktor vert vekta som vist under. Skredfaktoren er summen av dei vekta faktorane.
Nr Faktor                                                                                                                                     Vekttal
F1 Trafikkmengdefaktor (basert på vegens trafikkmengde – ÅDT1)                                             0,20
F2 Skredfarefaktor (basert på skredfrekvens * skredets gjennomsnittlegebreidde på veg)      0,20
F3 Omkøyringsfaktor (basert på ekstra køyretid grunna venting og omkøyring)                       0,15
F4 Stengingsfaktor (basert på tal gonger vegen er stengd på grunn av skred)                             0,15
F5 Skredfarestengingsfaktor (basert på tal døgn vegen er stengd på grunn av skredfare)        0,10
F6 Naboskredfaktor (basert på fare for nye skred i område kor trafikken ventar/oppheld seg etter at skred har gått)  0,10

Skredpunkta vert delte inn i følgjande skredfaktorkategori:
Skredfaktorkategori Skredfaktor
Høg                              3,5 og høgare
Middels                       2,5 – 3,49
Låg                               2,49 og lågare

 

Nasjonal rassikringsgruppe viser at ca 70 milliardar er det nasjonale behovet for skredsikring av punkt med høg og middel faktor på både riks- og fylkesvegar. Det høge talet kjem m.a. av betre plangrunnlag og nøyare utrekningar enn for fire år sidan.
Ansvaret for fylkesvegane er som kjent flytta tilbake til fylka, og midla hit er ikkje lenger øyremerka.

Nyvald leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, tidlegare fylkesordførar i Sogn & Fjordane Jenny Følling etterlyser til NRK  innsats og krev Nasjonal rassikringsplan
Fjordvegen Rute 13 støttar kravet om ein slik plan og auka ressursar til dette livsviktige arbeidet.

Fjordvegen Rute 13 påpeikar og at det er uhyre viktig at medlemsfylka samordnar sine uttalar vedk Rv 13 for å få gjennomslag.

Styret i Fjordvegen Rute 13 har sett sterkt fokus på prosessen fram til nytt vedtak av revidert NTP, og har pr 2020 same fokus og hovudprioriteringar som vart selskapet sin offisielle uttale til sist NTP. Årsmøtet 2019 støtta arbeidet og selskapet sine planar.
Arbeidet skjer både gjennom Årskonferansen, støtte til og deltaking i lokale engasjement frå medlemskommunar, møte med Stortingsbenkane, møte og oppfølging med fylkeskommunar og byane. Fylkeskommunane har 14. mai 2020 som sin uttalefrist, og administrasjon og styret har kontaktmøte med fylka og medlemskommunar som ønskjer dette vinter og vår 2020
Selskapet har og kontakt med Statens Vegvesen og andre fagmiljø, utalar, presse og mediaarbeide og samarbeide med t.d. Nasjonal Rassikringsgruppe og næringsliv. Utålmodige lokalmiljø og næringsaktørar som kjenner problema på kroppen dagleg, held trykket på.

Ettersom klimautfordringane aukar, er behovet for rassikring stadig aukande. Dette saman med den krevjande, seinkande og trafikkfarlege situasjonen med sterk standardvariasjon på Rv 13 over lange strekk,  gjer arbeidet svært viktig.  Ryfast-anlegget med tunnel frå Stavanger til Solbakk i Strand opna 30. desember 2019. Dette vil gje auka trafikk og tilspissa utfordringane ytterlegare, særleg frå Suldalsosen og nordover.