Organisasjonen – kva jobbar me for?

Fjordvegen Riksveg 13 jobbar for at riksveg 13 skal bli ein trygg, effektiv og attraktiv veg med gjennomgåande høg standard. Rassikring og trygg og open veg med god standard og gul midtstripe er hovudfokus.

Medlemmene i Fjordvegen Riksveg 13 er kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, samferdselsselskap, næringsselskap og mange og varierte enkeltbedrifter samt enkeltpersonar.

Sidan 1995 har Fjordvegen Riksveg 13 vore ein viktig aktør i all standardheving og innsats for rassikring rundt riksveg 13.
Styret satsar sterkt på å koma i posisjon for å fremja behova til kommnar og lokalsamfunn for betring av vår hovudferdselsåre. Gjennom kontinuerleg innsats mot Storting og regjering blir det arbeid i høve NTP-prossesen og andre politiske prosessar på tvers av politiske skiljelinjer og geografi.
Me kjem med sterke bidrag for å synleggjera og marknadsføra Fjordvegen Riksveg 13 som ein veg med stort potensiale lokalt, regionalt og nasjonalt. På 90-talet oppnådde me stamvegstatus for å sikra høgaste prioritet for ny vegutbetring.

Dei norske fjordane er kåra til det beste reisemålet i heile verda, og tre av dei nasjonale turistvegane ligg langs riksveg 13. Fjordvegen Riksveg 13 følgjer opp turistvegsatsinga og anna reiselivssatsing knytt til vegen, slik at reiselivsbedrifter og samfunna langs Fjordvegen får auka si konkurransekraft i høve til både busetnad og vegfarande gjester heile året.
Les kva nokre av medlemma meiner.

Fjordvegen Riksveg 13 ynskjer å marknadsføra vegstrekninga som ei effektiv og vakker transportrute, og som den indre hovudvegen på Vestlandet.

Bli medlem hjå oss. Saman blir me sterkare!