Medlemmer og medlemsskap

Medlemmene i Fjordvegen Rute 13 er kommunar, tre fylkeskommunar, interkommunale selskap, samferdselsselskap, næringsforeningar og private bedrifter.

Kven kan bli medlem? Medlemmer i selskapet er fylkeskommunar, kommunar, interkommunale selskap, vegselskap, næringsorganisasjonar, verksemder og andre føretak som har interesse i selskapet sitt føremål (selskapet sine vedtekter § 4, revidert v/årsmøtet 2013).

Vil du og din bedrift bli medlem eller er du som enkeltperson særskilt interessert i dette arbeidet?
Her er innmeldingsskjema og brev. Ta gjerne kontakt med styremedlemma eller administrasjonen v/Hanne Sundbø om dette og send innmeldinga til hanne@hagalid.net.

Kvifor medlem? Det er naturleg å vera medlem for den som ser framover, og som ser sitt eiga arbeid for betra samferdsle knytt til Rute 13 bli styrka i samarbeide med andre. Interesseselskapet er eit stabilt og kontinuerleg arbeidande talerøyr for medlemmene sitt fokus knytt til samferdsel på Rv/fv 13. Selskapet skal forsterke og supplere medlemmene sine prioriteringar av tiltak knytt til Rute 13, samt sjå på samordnande tiltak over fylkesnivå. Rassikring og trygg, effektiv veg med gul midtstripe er hovudfokus saman med reiseruteutvikling.
Sjå òg Fjordvegen Rute 13 sine mål og resultat.

Medlemsfordelar:
Medlemmene blir prioritert i Fjordvegen Rute 13 sitt arbeid.
Medlemmene får medlemsskrivet Fjordveg-drøsen tilsendt på e-post 3-4 ganger i året.
Medlemmene blir prioritert ved møte og arrangement, og får god medlemspris for Årskonferansen.
Medlemmene blir trekte fram på fjordvegen.no, jamnleg på Facebook-profilen, Instagram-profilen og i publikasjonane til Fjordvegen Rute 13.
Medlemmene blir framheva  i offentlege presentasjonar og ved pressekontakt.
Fjordvegen Rute 13 ønskjer å bli invitert og deltek på lokale møte som medlemma skipar til. Selskapet tek og initiativ til slike møte.
Medlemmene blir prioritert og invitert, m.a. på styret sin møterunde i Fjordveg-regionen kvart 4. år.

Medlemmer pr. juni 2019

Balestrand kommune Vik kommune
Vik Næringssamskipnad Sogn og Fjordane fylkeskommune
Ulvik herad Eidfjord kommune
Ullensvang herad Hotel Ullensvang
Voss kommune Myrkdalen Fjellandsby
Hordaland fylkeskommune Hardangerrådet IKS
Ullensvang Næringsforum Hardanger Industri
Folgefonntunnelen AS Odda kommune
Sauda kommune Suldal kommune
Suldal Næringsforening Hjelmeland kommune
MOWI ASA Ryfylke IKS
Strand kommune Stiftelsen Preikestolen
Rogaland fylkeskommune Felleskjøpet Rogaland Agder SA
Spa-hotell Velvære AS Blix Hotell
Sandnes kommune Stavanger kommune
NorStone AS  Lofthus Auto AS
Fjordtind Hotels Energiselskapet Hardanger AS
 Kinsarvik Camping

 

Nye medlemmer i 2019 er Norstone AS,  Hardanger Industri (forening), Fjordtind Hotels, Lofthus Auto AS, Kinsarvik Camping og Energiselskapet Hardanger AS.

Kontingentane for 2019 (endra og vedtatt på årsmøtet 2018):
Kontingent 2019 for Fjordvegen Rute 13
Medlemskategori 1: Kommunar kr 35.000
Medlemskategori 2: Næringsselskap/Interesseselskap over 50 medlemmer kr 5.000
Medlemskategori 3: Næringsselskap/Interesseselskap inntil 50 medlemmer kr 2.500
Medlemskategori 4: Bedrifter/Andre med over 100 tilsette kr 5.000
Medlemskategori 5: Bedrifter/Andre med under 100 tilsette kr 2.500
Medlemskategori 6: Bedrifter/Andre med inntil 5 tilsette kr 1.000
Medlemskategori 7: Fylkeskommunar kr 85.000

Det vart på årsmøtet 2018 oppretta ein ny sats 6 for små bedrifter og andre interesserte, samt halvert dei to kontingentsatsane for næringsforeningar, sats 2 og 3.

På Årsmøtet 2019 er det vedtatt berre endra kontingentsats 7 for det som frå 2020 blir to fylke i staden for tre: Rogaland (100.000,-) og Vestland fylke (180.000,-). Satsane er elles uendra.