NTP 2018-2029 og vegprosjekt

Fjordvegen Rute 13 har engasjert seg i fleire store vegprosjekt, og bidratt til auka framdrift og politisk gjennomslag i kampen om ressursane.

For å kunna få til dette, må ein samarbeida tett og ha engasjerte medlemmer som ser på ytinga frå Fjordvegen Rute 13 som eit tillegg til sitt eige arbeid.

Styret i Fjordvegen Rute 13 ga våren 2017 samrøystes uttale til forslaget til revidert NTP 2019-2028 med tunnel gjennom Vikafjellet øvst på lista. Delar av uttalen med den prioriterte lista blir presentert med bilde og resultat etter Stortingsvedtaket her. Rassikring, auka vegstandard, erstatning for stengte fjellovergangar og betra fjordkryssingar er i fokus.
Styret arbeider òg for å betra kollektivtransport og turistveg-satsinga på tvers av fylkesgrensene.

Meir om store vegprosjekt kor Fjordvegen har deltatt og påverka saman med medlemmene er vist nedst:

Årdalstunnelen

Årdalstunnelen

Rassikring av riksveg 13 forbi den store og rasfarlege ura på Øygjaneset i austenden av Søre Tysdalsvatnet i Hjelmeland, var utgangspunktet for Statens vegvesen sitt planarbeid for tunnel frå Svotunnelen til Årdal.

Les heile saka →
Vossapakko

Vossapakko

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad.

Les heile saka →
Hardangerbrua

Hardangerbrua

Hardangerbrua er bygd som ei tofelts hengebru med gang og sykkelveg. Brua har eit hovudspenn på 1310 meter og ei total lengde på 1380 meter. Hardangerbrua er no den lengste hengebrua i Norge.

Les heile saka →
Ryfast

Ryfast

Riksveg 13 Ryfast er eit nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og dagens riksveg 13 i Strand kommune.

Les heile saka →
Meny