Årskonferansen 3. april 2019, Ullensvang

 


Årsmøte og årskonferansen: onsdag 3. april 2019 på Hotel Ullensvang

Hovudtema: Vegen fram til revidert NTP.
Rassikring – Klimaendringar – Samfunnsøkonomi og prioriteringar – Situasjonen etter opning av Ryfast hausten 2019 – Travel like the locals – Dei store attraksjonane som trafikkdrivarar.

Program, alternativ, påmelding pr epost samt fristar (25.3. og hotell 18.3.): her

Blant dei faglege innlegga kan me nemna: SVV/Vegdirektoratet, NAF, NHO Vestland, MOWI ASA (Marine Harvest), Kollektivprosjektet for vestlandet, Lysefjorden Utvikling.
Frå politisk hald kjem følgjande Stortingspolitikarar med innlegg og skal debattera: Øystein Langholm Hansen (Ap), Jonny Finstad (H), Liv-Signe Navarsete (Sp), Helge-Andre Njåstad (Frp) og Arne Nævra (SV).
I tillegg vil fleire fylkes- og lokalpolitikarar delta med innlegg og i debatt, m.a. Jon Askeland (Sp – Hordaland), Noralv Distad (H – Sogn & Fjordane), Per Kåre Foss (KrF – Rogaland), Arne Bergsvåg (Sp – Rogaland) og Solfrid Borge (Sp – Ordførar i Ullensvang). Salen skal kunne delta aktivt i debatten.

Set av ein viktig dag for  samferdsel, fag, samfunsutvikling og politikk i vakre Ullensvang i april!

Konferansen varer kl 9.45 – 16.30.
Sosialt program med lokal cider-vri og middag kvelden før 2.4. for dei som vil overnatta. Meir informasjon og prisar: sjå lenka over.
Konferanseavgift og medlemspris. Vil du eller bedrifta di bli medlem, få god pris og påverka? Les her

Årsmøtet er som vanleg på morgonen 3.4. kl 9.00-10.00. Medlemma får særskilt innkalling.

 

Sist oppdatert: 05.03.2019

Meny