Brattlandsdalen og vedtatt NTP

rasbildet-brattlandsdalen-104016

Ras i Brattlandsdalen, Øvre Lonovatnet, våren 2016

Rassikring i Brattlandsdalen mellom Nesflaten og Røldal kom ikkje inn i Stortingsvedtaket i juni 2017 for revidert Nasjonal transportplan.

Trass i intensiv innsats for nokre av det mest rasutsette strekka langs nokon riksveg i landet og lokalt arbeide med utforming av eigen rapport med planforslag i regi av Ryfylke IKS/Fjordvegen Rute 13, vart strekka utelate.
Fjordvegen Rute 13 og dei berørte kommunane og samfunna er svært skuffa.
Styret i Fjordvegen Rute 13 hadde tiltaka her som 3. prioritet i sitt høyringsbrev for NTP der tunnel gjennom Vikafjellet var sett på topp, deretter rassikring i Rødsliane, Suldal.

Historikk: Etter informasjonsmøtet med presentasjon av rapportane på Nesflaten 26.1o.2016, tok kommunane og regionråda saka til behandling med tanke på å få dei viktigaste rassikringstiltaka inn i revidert NTP 2018-2029.

I september 2017 hadde Nasjonal rassikringsgruppe saman med Fjordvegen Rute 13 synfaring i Brattlandsdalen: https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland#t=2m42s

 

 

Meny