Årskonferansen og årsmøtet tysdag 28. mars 2017

Årskonferansen 2017 på Scandic Stavanger Forus Hotel hadde overskrifta
Fjordvegen Rute 13 – Vegen fram til regional vekst?

– Brennheitt tema: Fjordvegen Rute 13 sine store og prioriterte rassikringsprosjekt, kor får dei plass i revisjonen av Nasjonal Transportplan 2018 – 2029?
– Reiselivet aukar sterkt, korleis kan Fjordveg-regionen få større del i utviklinga? Er betre reiseruteutvikling og kollektivtransport nøkkelen? Kan det jobbast over fylkesgrensene? Dei gode trådane frå Dialogkonferansen i september 2016 er plukka opp saman med Hordaland fylkeskommune.

Mange sentrale, samferdselsengasjerte Stortingspolitikarar bidro med innlegg og debatt. Desse var Geir Pollestad, Nordås (Sp), Magne Rommetveit (Ap), Torill Eidsheim (H) samt Roy Steffensen (FrP).
Frå våre eigarfylke hadde følgjande innlegg: Solveig Ege Tengesdal, Pål Kårbø, Nils T. Bjørke og Arne Bergsvåg.
Britt Dalland, Fjord Norge as bidro med fagleg oppdatering om reiseruteutvikling, og Pål Kårbø, Hordaland fylke fortalde om tildeling av tilskot til det spennande kollektivprosjektet for Fjordvegregionen. Per A. Torbjørnsen, kommunalråd i Stavanger og styremedlem i Stiftelsen Preikestolen/Lysefjorden utvikling hadde og innlegg

Presentasjonane vil bli lagt ut her.

Sist oppdatert: 18.04.2017

Meny