Dialogkonferanse: Fjordveg-regionen som heilårsdestinasjon?

(Klikk på biletet for å sjå programmet i full storleik.)


(Klikk for å sjå program i full storleik.)

Her finn du innlegga frå dialogkonferansen 14.9.2016 om framtidig tilkomst til og kollektivtransport gjennom Fjordveg-regionen.

Arbeidsgruppa v/Arne Bergsvåg og Nils T. Bjørke konkluderte straks etter konferansen om å gå vidare på bakgrunn av dei gode samtalane som var i panelet og mellom panel og sal under konferansen. Her var mykje god vilje og mange gode innspel som fundament for politisk og administrativ handling på tvers av tre fylke.

I tillegg til Bergsvåg og Bjørke består arbeidsgruppa av Noralv Distad, Edmund H. Utne, Hans Jørgen Andersen og Ståle Brandshaug.

Programpostane:

Kva veit me om etterspurnad og turistane sine ynskje? Kva besøkande tapar Fjordveg-regionen?
Hans Jørgen Andersen, direktør i Reisemål Hardangerfjord
– Vedlegg 1: Reiselivets Samferdselsløft (NHO)
– Vedlegg 2: Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013–2020 (Vestlandsrådet)
Gunhild Vevik, kommunikasjonssjef i Region Stavanger
– Vedlegg 3: Oppsummering av turistsesongen 2016, Reisemal Ryfylke

Samanhengen mellom attraksjonskraft, infrastruktur og produktutvikling: Trendar for framtida?
Britt Dalland, sals- og marknadsdirektør i Fjord Norge

Kva skjer i kvart fylke? Korleis bind kollektiv-rutene attraksjonane i Fjordveg-regionen saman?
Odd Aksland, direktør i Kolumbus AS
Øystein Hunvik, assisterande fylkesdirektør samferdselsavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kva må til for å lukkast med tilkomst og intern kommunikasjon i Fjordveg-regionen? Korleis lukkast andre regionar?
Trude Sivertsen, direktør i Authentic Scandinavia

Rundreiser med kollektivtransport, døme frå Fram/Møre og Romsdal sommaren 2016
Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune

Korleis jobba med kollektiv-løysingar på tvers av fylkesgrensene?
Det saumlause Vestlandet – Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune
Kollektiv-løysingar på tvers av fylkesgrensene – og innanfor – Øystein Hunvik, Sogn og fjordane fylkeskommune

Meny