Ekte velvære – midt i Ryfylkefjordane

Ingvill H. Gjertsen - bylineSpa-hotell Velvære, i fjordkanten i Hjelmeland sentrum, kunne i 2016 feira 10 års-jubileum. Med spa-avdeling og 60 rom, alle med fjordutsikt, har hotellet treft rogalendingen og mange andre sine velvære-behov.

Eit breidt spekter av spa-tilbod, og vekt på lokale Ryfylke-råvarer som laks, kveite, frukt og bær i restauranten, har gitt god og varig respons frå gjester frå fjern og nær.

Hotellet har inga kjedetilknyting, men blei utvikla og bygd opp av lokal entusiasme. Private eig leilegheiter som blir leigt ut som rom til ordinær hotelldrift.

Spa-hotell Velvære ligg idyllisk til ved fjordkanten i sentrum av Hjelmeland. (Foto: Spa-hotell Velvære)

Hotelldirektøren stør seg mot ein av dei flotte skulpturane utanfor Spa-hotell Velvære, like ved kanten av Hjelmelandsfjorden.

Marknadssjefen stør seg mot ein av dei flotte skulpturane utanfor Spa-hotell Velvære, like ved kanten av Hjelmelandsfjorden. (Foto: Spa-hotell Velvære)

Hotellet har heilårsdrift og hovudsesongen er september til mai. Spa-tilbodet gjer at helgebesøk av private er svært viktig. Sommarstid kjem det mange bilturistar. Vandring til Skomakarnibba og Preikestolen ca. 1 time unna med bil på riksveg 13, er vesentleg for norske gjester.

At Hjelmeland Spa-hotell ligg på Fjordvegen Rute 13 betyr ekstremt mykje for å få gjester frå alle retningar.

Vårt fokus er gjesten sitt behov for enkel tilkomst. Opninga av Sandsfjord bru og auka ferjefrekvens over Jøsenfjorden kunne umiddelbart merkast på interessa frå gjester i nord.

For midtre Ryfylke er riksveg 13 pulsåra, og for hotellet er trygg og sikker riksveg ein hovudføresetnad for drifta. Sjølv med flott fjordtilknyting og god kai for hurtiggåande charterbåtar 40 meter frå hotellet, vil vegtilkomsten vera viktigast. At vegen er vakker Nasjonal turistveg, og på lange strekk er utvikla til å bli trygg, er òg store fordelar.

Hotellet er alltid framoverlent og nøyer seg ikkje med å venta i spenning på opninga av Ryfast i 2019.
Reiselivet i heile Fjordveg-regionen ønskjer maksimal uttelling av den gedigne samferdselssatsinga som Ryfast er. Reiselivsnæringa og det offentlege må samla seg og finna kva som er føresetnader for å få ut det maksimale av potensialet for verdiskaping frå 2019.

Er det flaskehalsar, må desse finnast og fjernast før opninga. Med Trolltunga i Hardanger i nord og Preikestolen og Kjerag sør i Ryfylke, er potensialet for Fjordveg-regionen, både nasjonalt og internasjonalt, svært stort. Fjordvegen Rute 13 bind attraksjonane saman; Hjelmeland Spa ligg midt i dette.

Tida er inne for å få fokus på Fjordveg-regionen som reiselivsområde, og skapa grunnlaget for ytterlegare aktivitet og arbeidsplassar i distriktet.

Sist oppdatert: 27.09.2017

Meny