Årdalstunnelen

Statens vegvesen har vurdert fleire alternativ for rassikring ved Øygjaneset på riksveg 13 i Hjelmeland kommune. Vegvesenet tilrår kort tunnel, medan næringslivet og lokale og regionale styresmakter er samde om at dei ynskjer lang tunnel direkte til Årdal. (Kjelde: Statens vegvesen)

Statens vegvesen har vurdert fleire alternativ for rassikring ved Øygjaneset på riksveg 13 i Hjelmeland kommune. Vegvesenet tilrår kort tunnel, medan næringslivet og lokale og regionale styresmakter er samde om at dei ynskjer lang tunnel direkte til Årdal.
(Kjelde: Statens vegvesen)

Rassikring av riksveg 13 forbi den store og rasfarlege ura på Øygjaneset i austenden av Søre Tysdalsvatnet i Hjelmeland, var utgangspunktet for Statens vegvesen sitt planarbeid for tunnel frå Svotunnelen til Årdal.

I konsekvensutgreiinga til kommunedelplanen (hausten 2015) kjem det fram at ny 5 kilometer lang tunnel direkte til Årdal vil kunna koste meir enn 1,4 milliard kroner. Lang tunnel vil gje 8-9 minutt innsparing i reisetida, samt ein god reduksjon i høgdeforskjell. Ein vil ikkje minst unngå den berykta Tveitebrekka (mot Årdal), der det ofte er utfordringar med utforkjøringar ved glatt føre.

Statens vegvesen har vurdert lang tunnel direkte til Årdal opp mot to rimelegare alternativ, som ikkje kortar inn reisetida. I plandokumentet tilrådde Vegvesenet berre kort tunnel innanfor området i Tysdal, ut frå omsynet til rassikring. Vegvesenet vurderer det likevel slik at lang tunnel til Årdal vil ha størst samfunnsnytte.

Dei berørte Ryfylke-kommunane, fylkesutvalet i Rogaland, IS Fjordvegen Rute 13 og mange andre høyringsinstansar aksepterer ikkje tilrådinga frå Vegvesenet. Dei viser mellom anna til følgjande moment:

  • Kort tunnel er neppe i samsvar med Stortinget sin merknad i NTP, sidan det der er nemnt tunnel heilt til Årdal.
  • Rammevilkåra for mykje av det transportavhengige næringslivet i Ryfylke vil bli vesentleg betra.
  • Havbruksnæringa i Rogaland har ambisjonar om ekspansjon med m.a. ny regionalplan for sjøområda. Ei innkorting i reisetid vil verta spesielt viktig for denne næringa, som kan demma opp for ein del av negativ utvikling i oljenæringa.
  • Utviding av felles arbeidsmarknad og busetnad vil nyta godt av lang tunnel.

Det blir arbeidd for at ny tunnelen skal med i revisjonen av Nasjonal Transportplan 2019-2028.

Statens vegvesen sin nettstad for prosjektet

RV. 13 MELKERÅNA-ÅRDAL, RASSIKRING

Veg Rv. 13
Fase Planfase
Kommune Hjelmeland
Fylke Rogaland
Vegeigar Statens vegvesen
Meny