Jostein Eitrheim ny dagleg leiar

Jostein E nov151. september 2015 tok Jostein Eitrheim til i jobben som ny dagleg leiar i I/S Fjordvegen Rute 13.

Eitrheim er fødd, oppvaksen og busett midt i Odda, og har lang røynsle frå transport-sektoren (HSD/Tide). Dei tre siste åra har han vore teknisk sjef/næringssjef i Odda kommune.

Stillinga som dagleg leiar i I/S Fjordvegen har han gjennom jobben som dagleg leiar i Hardangerrådet.

Hardangerrådet har ein svært stor portefølje av oppgåver, og jobbar ut frå ein filosofi om å leiga inn kompetente folk til tidsavgrensa prosjekt. Utanom Eitrheim er berre Trude Rinaldo fast tilsett i Hardangerrådet.

Sist oppdatert: 18.12.2015

Meny