Betra vegstandard betrar reiselivet

Harald Haaland - bylinePå 10 år har Myrkdalen Fjellandsby vokst til å bli ein destinasjon med skianlegg, 500 fritidsbustader og hotell med 112 rom. No treng me betre infrastruktur for å veksa vidare.

Me veit betre enn dei fleste kor viktig god infrastruktur er for bygdeutviklinga. I desember 2008 opna Myrkdalstunellen, og den har betydd svært mykje for heile lokalsamfunnet. Tunellen – som me sjølv bidrog til og var pådrivarar for – har ført til stor vekst, mellom anna ved at potensielle kundar valte å kjøpa hytte eller leilegheit i Myrkdalen etter at rassikringstunellen var på plass.

No har me sett nye, høgare mål. Visjonen vår er å bli ein av Nordens beste heilårsdestinasjonar innan 2020. Det målet skal me nå, men då trengst vidare satsing på trygge vegar, mellom anna riksveg 13 og Vikafjellstunellen.

Å få på plass Vikafjellstunellen er vesentleg for reiselivet på Voss. Aksen Voss–Vik–Sognefjorden er viktig på fleire måtar; heile året. Hovudsesongen til Myrkdalen er vinteren. 5.000 dagsturistar per dag var vanleg sist sesong.

Vintersesongen 2014–2015 var Vikafjellsvegen stengt i 86 dagar. Dette er den fjellovergangen i Noreg som oftast blir stengt om vinteren. Slik uvisse kan me ikkje leva med. Planlagt dagsturisme på ein slik veg er umogleg. Vikafjellstunellen vil opna ein heilt ny marknad for oss, både for dagsturisme og sal av hytter.

 

Myrkdalen Fjellandsby er store på vinterturisme, men ynskjer å bli ein heilårsdestinasjon. Foto: Daniel Rönnbäck/Myrkdalen Fjellandsby

Myrkdalen Fjellandsby er allereie stor på vinterturisme, men ynskjer å bli ein heilårsdestinasjon.
Foto: Daniel Rönnbäck/Myrkdalen Fjellandsby

Dersom me skal lukkast i å bli ein heilårsdestinasjon, må me og tiltrekka oss turistar om sommaren. Då er det fjordane folk kjem for å oppleva. Enklare, raskare og trygg kontakt mot Sognefjorden vil gjera det lettare å lokka til seg dei mange turistbussane som trålar Vestlandet. Mange av turistane kjem til Bergen med fly før dei bussar vidare på E16. Difor er me òg opptekne av å binda saman og betra vegstandarden mellom E16 og riksveg 13.

Vikafjellstunellen vil ikkje berre gjera livet betre for turistar og reiselivsoperatørar, den vil og gjera det lettare både å frakta varer og tiltrekkja seg arbeidskraft. Å utvide arbeidsmarknaden er viktig for Voss.

Me er opptekne av heile lokalsamfunnet, og meiner at trygg veg legg grunnlaget for god bygdeutvikling. I 2008 investerte me for å få på plass Myrkdalstunellen, og resultatet var vekst.

No har me bestemt oss for å bli ein av Nordens beste heilårsdestinasjonar innan 2020. Då treng me gode vegar og trygg samferdsle i alle retningar.

Myrkdalen Hotell er ein del av Myrkdalen Fjellandsby.

Myrkdalen Hotell er ein del av Myrkdalen Fjellandsby.

Sist oppdatert: 18.12.2015

Meny