Gult = utvikling og vekst

Geir Midtun - byline

Ullensvang Næringsforum skal ivareta interessene til næringslivet i Ullensvang, og har medlemmer frå alle lokale bransjar. Næringslivet vårt er, som alle andre stader, avhengige av effektive og pålitelege transportårer, der varer og personar kan fraktast raskt og trygt gjennom heile året.

Riksveg 13 langs Sørfjorden går gjennom vakkert landskap, med fjord, fjell, fossar og fonn. Dette er Nasjonal turistveg Hardanger.

Men me som lever og produserer langs riksveg 13 ser ikkje alltid idyllen. Me køyrer på ei smal berghylle, med bratt fjellvegg på ei side, og fjorden langt under oss. Vegbanen er smal, svingete og uoversiktleg. Me fryktar snøskred og steinsprang.

Men me har berre denne vegen. Her reiser skuleborn, pendlarar, yrkessjåførar og turistbussar. Kvar dag heile året. Bedriftene våre har ingen anna veg dei kan få inn varer til butikkane sine, arbeidsfolk på jobb, varer ut frå produksjonslokala. Dette er vegen kundane våre skal reisa, for koma til oss.

Med jamne mellomrom går det nye ras over riksveg 13 ved Deildo i Ullensvang. Dette er berre ein av dei rasfarlege stadene på vegstrekninga.Foto: Google

Med jamne mellomrom går det nye ras over riksveg 13 langs Sørfjorden i Hardanger, til dømes her ved Deildo i Ullensvang. Dette er berre ein av dei rasfarlege stadene på vegstrekninga.
Foto: Google

Det kostar pengar

Det er ikkje greitt å vera redd på veg til jobb. Det er ikkje greitt å vera engsteleg for barn på skulebussen. Det er ikkje greitt å vera yrkessjåfør langs riksveg 13. Dette syns heller ikkje kundane våre, som ikkje vil overnatte hos oss, fordi vegen er skremmande.

Dette kostar også pengar. Når varene kjem for seint fram. Når arbeidstimane går vekk i å køyra ein kort vegsnutt. Når kundane våre ikkje kjem.

Me har berre denne vegen.

Status utan innhald?

Det er klart me er stolte over å halda til langs Nasjonal turistveg. Men det kan fort verta ein status utan innhald, om det ikkje vert lagt til rette for økonomisk utvikling ikring dette. Potensialet for drift , og meir heilårsdrift, er heilt avhengig av transportårene.

Gult er meir enn berre kult. Gult kan også hindra ulykker. Gult gjer at bedrifter sparar pengar. Gult gjer at bedrifter tenar pengar. Gult er utvikling og vekst.

Sist oppdatert: 02.10.2015

Meny