Vegen er eit berande element

Felleskjøpet Rogaland Agder har eitt mål som alltid står fast: Auka lønnsemd for bonden.
Me har tatt mål av oss å vera landbrukets mest attraktive og lønnsame partnar i frå Hardangerfjorden i nord til Agder i sør.

For å klara dette skal me vera pålitelege, effektive og nyskapande. Då er me avhengige av effektiv logistikk, særleg når kraftfôr skal distribuerast til husdyrbøndene. Noko kan me senda sjøvegen, men transportbehovet vårt gjer at me rullar ut 70 fulle vogntog – kvar dag!

Transportbehovet til Felleskjøpet Rogaland Agder er tredelt: Inntransport av råvarer og ferdigvarer frå leverandørane våre, omlasting og mellomtransport til butikkane våre og direkte transportering av ferdigvarer til kundar og medlemmer.

Med dagens situasjon på Rv 13 Ryfylkevegen, er det like dyrt å senda bulkbil med lastekapasitet på 30 tonn frå Stavanger til indre Ryfylke som til Kristiansand.

Riksveg 13 er eit bærande element for effektiv uttransport til landbruket nordaust for Stavanger. Ryfast var kjærkomment og har gjeve oss meir fleksibilitet. Vegstandard viktig, både for oss og for bonden, og manglande vedlikehald og forseinkingar betyr ekstra kostnader for næringa.

 

Eit omfattande logistikknett syt for å forsyna bønder med kraftfôr til dyra. Foto: May-Linda Schjølberg

Eit omfattande logistikknett syt for å forsyna bønder med kraftfôr til dyra.
Foto: May-Linda Schjølberg

Sist oppdatert: 19.01.2020