På tide å tenka framover

Marta Finden Halset

RV 13/FV 13 koplar saman 16 kommunar, og strekk seg frå Sandnes i sør til Førde i nord. Utviklinga i desse kommunane er svært variert, men felles for dei alle er viktigheita av god samferdsle og kommunikasjon.

I sør er kommunane Sandnes, Strand og Forsand ein del av den funksjonelle arbeidsmarknaden i Stavanger-regionen. Dette er det mest dynamiske næringsområdet i landet, med høg vekst i både sysselsetting og folkevekst. Førde, som ligg lengst nord, har òg folkevekst.

Kommunane mellom desse områda har både industri, jordbruk og reiseliv som næringsgrunnlag, men utfordringane knytt til vegstandarden på RV 13/FV 13 hindrar vidare utvikling av kommunane i denne regionen.

Ein attraktiv kommune er avhengig av integrasjon med arbeidsmarknaden i området rundt, og då er vegsambandet og kommunikasjon nøkkelen.

Samfunnet har vore villig til å investera monaleg store summar på fleire delstrekningar langs rute 13. I Nasjonal Transportplan er det planlagt å ha gjennomført fleire store investeringar langs rute 13 innan utgangen av 2023:

Frå drivinga av Ryfylketunellen, eitt av delprosjekta i Ryfast-utbygginga. Foto: Jens Petter Holmsen

Frå drivinga av Ryfylketunellen, eitt av delprosjekta i Ryfast-utbygginga.
Foto: Jens Petter Holmsen

I tillegg til dei større prosjekta, vil det bli utført ein del mindre omfattande tiltak innan fleire programområde på strekninga. Dette er store og naudsynte utbetringar langs rute 13.

Å knyta rute 13 saman til eit stabilt nord/sør-samband er ei profesjonell og framtidsretta vidaresatsing. Når Vikjetunnelen kjem, er denne ruta stabilt heilårssamband for trafikken frå kontinentet til Trondheim, med berre éi ferjekryssing på 15 minutt over Sognefjorden, i tillegg til turen over Jøsenfjorden for reisande mellom Stavanger og Trondheim.

Denne indre hovudvegen må no utviklast vidare. Å sjå rute 13 i eit heilskapleg perspektiv er å vera resultatorientert i utviklinga av gode transportløysingar som gagnar både trafikken og kommunane langs rute 13. Dette vil styrka trafikkmengda på dei allereie investerte prosjekta langs RV 13.

Sist oppdatert: 15.04.2016

Meny