Brosjyre om Fjordvegen Rute 13

I samarbeid med Hetland Media har IS Fjordvegen Rute 13 fått utarbeidd ein oppdatert informasjonsbrosjyre. Den gamle informasjonsbrosjyren var for lengst gått ut på dato.

I brosjyren vår er det næringslivet langs Fjordvegen som står i fokus. I tillegg til velfunderte ord frå styreleiar Marta Finden Halset, er det teke med utsegner frå næringslivet, der representantar frå Felleskjøpet Rogaland Agder, Marine Harvest Norway AS, Hotel Ullensvang og Vik Næringssamskipnad drøftar moglegheiter og utfordringar knytt til Fjordvegen.

Brosjyren er sendt til alle medlemmene i IS Fjordvegen Rute 13, men kan òg skaffast ved å kontakta administrasjonen. Brosjyren kan òg lesast under:

Sist oppdatert: 18.12.2015

Meny