I bresjen for næringslivet

jorunn-asfrid-royrvik-byline

Vik Næringssamskipnad har som føremål å ta vare på og utvikla næringslivet sine interesser i Vik kommune. Førsteprioritet er å utbetra riksveg 13.

Riksveg 13 over Vikafjellet er det aller viktigaste for næringslivet og utviklinga i Vik kommune.

Vik Næringssamskipnad jobbar for heilårsveg – som i praksis betyr tunell – samt samferdsel, kommunikasjon og anna infrastruktur.

Ferjesambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik er òg ein del av riksveg 13. Hyppigheita på avgangane må opp, og det må setjast opp nattferjer. Vidare er sjølvsagt rassikring særs viktig for vegnettet her.

Riksveg 13 er blant dei viktigaste samferdselsårene i Hordaland og Sogn og Fjordane, og knyter kommunane i Sogn-regionen saman med mellom anna Voss og Bergen, via vegen over Vikafjellet.

Fjellovergangen Vikafjellet er definert som heilårsopen, men er den desidert mest vinterstengde riksvegen i Noreg.

Frå riksveg 13 over Vikafjellet. Ukjend fotograf

Frå riksveg 13 over Vikafjellet.
Ukjend fotograf

I løpet av dei siste vintrane har vegen vore stengt i periodar på mellom éin og tre månader, i tillegg til kolonnekjøring og nattestenging. Dette er ei enorm utfordring for næringslivet i heile regionen, og særleg for Vik, som i tillegg til fjellet på sørsida har Sognefjorden på nordsida, med eit ferjetilbod som mellom anna manglar tilbod om natta.

Dette skaper problem, mellom anna med tanke på rekruttering, å få varer  og materiell inn og ut av området, for pendlarar og for møteverksemd.

Noko må gjerast. Vidare utvikling og vekst for næringslivet og samfunnet generelt, er avhengig av betre kommunikasjon og infrastruktur, som mellom anna vil gje ein større bu- og arbeidsmarknad, med kortare pendlaravstandar, kortare veg til jernbane og internasjonal flypass og betre høve til planlegging.

Det viktigaste poenget å få fram, er at dette ikkje er eit lokalt problem for Vik kommune og næringslivet i Vik: Riksveg 13 er ei uhyre viktig samferdselsåre for heile regionen, samt eit viktig bindeledd for ein framtidig indre hovudveg frå Stavanger til Trondheim.

Sist oppdatert: 10.10.2017

Meny