Fantastiske fjordopplevingar

Hotel Ullensvang blei grunnlagt av Hans Utne i 1846. Det ærverdige hotellet blir i dag drive av femte generasjons vertskap, som året rundt har 340 senger klare til å ta imot gjester frå innland og utland.

Hotel Ullensvang er eit familiehotell, utan kjedetilknyting, som no blir drive av femte generasjon Utne.

Hovudsesongen er frå 15. april til 15. september, men hotellet er ope heile året, og kan freista med 340 senger fordelt på 170 rom, eigen restaurant, stor badeavdeling, Europas lengste symjekanal og utandørs badestrand.

Nokre av trekkplastera i området er Dronningstien, Trolltunga, Munketreppene og Vøringfossen.

Mange av gjestene på Hotel Ullensvang kjem igjen gong på gong, dei fleste med bil. Riksveg 13 er den viktigaste vegen for Hotel Ullensvang og indre Hordaland generelt.

Den dels dårlege vegstandarden i indre Ryfylke og mot Røldal verkar avvisande på trafikantane. Fjordvegen er allereie den desidert flottaste turistvegen i landet, men opprusting av vegen og opning av Ryfast vil gje tilflytting og nye aktivitetar.

Diverre er det slik at dårleg vegstandard går utover besøkstalla til hotellet. Med to ferjer (Stavanger–Tau og Hjelmeland–Nesvik), samt smale parti i Bergsdalen, vel bussoperatørar andre alternativ for å sleppa flaskehalsane. Dermed går dei glipp av Fjordvegen, som med sin naturkvalitet byr på fantastiske opplevingar.

Betre vegstandard og ferjefrie løysingar vil gjera Sør-Rogaland til eit tungt marknadsområde for Ryfylke og Hardanger. Det vil skapa arbeidsplassar i turistnæringa langs heile Fjordvegen.

Hotel Ullensvang ligg idyllisk til ved Sørfjorden, ein sidearm av Hardangerfjorden, med Hardangervidda i ryggen.  Foto: Niels Johansen

Hotel Ullensvang ligg idyllisk til ved Sørfjorden, ein sidearm av Hardangerfjorden, med Hardangervidda i ryggen.
Foto: Niels Johansen

Sist oppdatert: 26.10.2014

Meny