Dårleg veg er dårleg business

Ivar Raugstad

Ryfisk, Marine Harvest Norway sitt slakteri på Hjelmeland, har riksveg 13 som viktigaste transportåre. Kvar dag kjører i snitt 12 trailerar med til saman 200-240 tonn fersk laks herifrå og ut i den store verda.

Krevjande kundar forventar levering til eksakte klokkeslett. Det er eit konkurransefortrinn å ha dei ferskaste varene, men transporten på riksveg 13 gir oss utfordringar med tanke på leveringstida, særskilt vinterstid.

Trailerane som fraktar fersk laks frå Ryfisk skal både sørover til Stavanger eller Kristiansand, for ferjetransport til Danmark, og nordover til Røldal og over Haukelifjell til Gardermoen, for ompakking og vidaretransport med fly eller lastebil.

Om vinteren må me leggja til minst to timar ekstra frå fabrikk til kunde, for å ta høgde for uføresette hendingar som ras og mogleg stenging lokalt i Ryfylke. Nordover er det strekninga Lovra – Sand, samt strekninga Nesflaten – Røldalsvatnet som er flaskehalsar.

Sørover er Tveitebrekka nær Årdal utfordrande. Det same er strekninga Hauskje – Ingvaldstad, med krappe svingar og ising.

Utanom rasfaren trekk òg den generelle vegstandarden ned, mellom anna stigningsforhold, sikt og kurvatur. Alle tiltak som reduserer risiko og transporttid er positivt.

Kortare tid til kunden gir lengre eksponeringstid for den ferske laksen i butikkhyllene, og dermed større konkurransekraft.

Marine Harvest tykkjer det er viktig å raskt få gul midtstripe på heile riksveg 13, samt ein vegstandard som elles er mest mogleg i tråd med europeisk vegnett.

Riksveg 13 er den viktigaste transportåra for fersk laks frå lakseslakteriet Ryfisk i Hjelmeland. Foto: Morten Hetland/Hetland Media

Riksveg 13 er den viktigaste transportåra for fersk laks frå lakseslakteriet Ryfisk i Hjelmeland.
Foto: Morten Hetland/Hetland Media

Sist oppdatert: 26.10.2014

Meny