Innlegga frå Årskonferanse 2014

Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, er ein av føredragshaldarane på årskonferansen 17. juni.

Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, var ein av føredragshaldarane på årskonferansen 17. juni.

Her kan du lasta ned innlegga som blei haldne under årskonferansen 17. juni 2014 i Balestrand.

Kor står stamvegen og regionane rundt vegen i 2020? Vil professor Jørgen Amdam sin påstand om vidare polarisering i reine vinnar- og tapar-regionar bli sann? Må me akseptera at taparane er innland og kystland med byane er vinnarane? Kan forsert utvikling av Rv 13 redusera slike negative effektar, eller er andre faktorar viktigare? Kva krevst av oss? Korleis vil næringslivet agera?

Kan auka samarbeide over kommune- og regiongrensar motverka negative trendar?
Vegen som føresetnad for reiselivsnæring i distrikta – kva skal til for suksess?

TidspunktProgrampostMerknadLast ned innlegg
10.00-11.30Årsmøte for IS Fjordvegen Rute 13For medlemmer. Møteleiar: Arne Kleppa
Frå 10.30Registrering
11.30Velkomst v/IS Fjordvegen Rute 13.Ny styreleiar
11.40Vil indre strok på vestlandet berre tapa på eit ferjefritt E39? Eit scenario for Rv 13-regionen med samfunnsperspektivJørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i VoldaLast ned
12.30Lunsj
13.30Vidare utvikling av Rv 13 som stamveg: Kva kan ei stor næringsforening bidra med?Anne Woie, strategisjef i Stavangerregionen Næringsforening
14.00Kva skal til for at Fjordvegen Rv 13 skal bli Norges mest profilerte reiserute?Edmund Utne, 4. generasjon vertskap, Hotel Ullensvang supplert med konst. prosjektleiar Randi Bårtvedt, NCE Tourism Fjord NorwayLast ned
14.30Kaffipause m/frukt
14.45Betra regionalt samarbeide for utvikling av Rv 13 –eit behov frå det lokale næringslivetTrude Undebakke, leiar i Vik NæringssamskipnadLast ned
15.15Frå plan til pengar – korleis blir vegen til når målet er klårt?Kjell Kvåle, Senioringeniør i Statens vegvesen region vestLast ned
15.45Fjordvegen – nå og i framtida Arne Kleppa, avtroppande styreleiar IS Fjordvegen Rute 13Last ned
16.00Slutt
Kviknes Hotel

Vertskap for årskonferansen og årsmøtet var Kviknes Hotel. Hotellet ligg vakkert til ved Sognefjorden i Balestrand kommune.

Sist oppdatert: 08.07.2014

Meny