Vikafjellstunellen

Vinterregulariteten på riksveg 13 over Vikafjellet er så usikker at fjellovergangen bør erstattast med tunell.













Vinterregulariteten på riksveg 13 over Vikafjellet er så usikker at fjellovergangen bør erstattast med tunell.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane meiner at det hastar med å erstatta den vêrutsette vegen over Vikafjellet med tunell, og ynskjer byggjestart på Vikafjellstunellen i fireårsperioden 2014-2017.

Stortingsgruppene til Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti skreiv det same i merknaden sin då Nasjonal transportplan blei behandla i Stortinget våren 2013.

– Fylkestinget føreset at det vert løyvd midlar til planlegging, slik at prosjektet kan startast opp snarast råd, meinte fylkestinget i Sogn og Fjordane då dei uttalte seg til Nasjonal transportplan.

Riksveg 13 over Vikafjellet er ein heilårsveg som i prinsippet skal vera open tilnærma kvar dag året rundt. Det er den ikkje. Vegen blir ofte skildra som den mest stengde heilårsvegen i Noreg, og det er ikkje rart. Det er ein lang, smal, bratt og svingete veg i ope landskap som raskt snør eller bles igjen. Snøen som brøytemannskapa må fresa vekk kan vera opptil seks meter i høgda. Dessutan kostar det storsamfunnet dyrt å halda vegen vinteropen. Berre i desember 2013 kosta vinterdrifta over Vikafjellet om lag 2,2 millionar kroner.

Den dårlege vinterregulariteten fører i dag til store utfordringar for næringslivet og innbyggjarane i regionen. Grunna vêrtilhøva om vinteren er vegen ofte stengt eller berre open for kolonnekjøring. I åra 2007-2012 var det i snitt 1.500 timar kvart år der vegen over Vikafjellet anten var nattestengt, mellombels stengt eller berre open for kolonnekjøring. Dessutan fører vegen til unormalt stor slitasje på materiell og sjåførar. I tillegg skapar den utrygge forhold for alle som ferdast der – ikkje minst møtande trafikk når eit 50 tonns vogntog skal takast opp og ned slike høgder på speilblankt vinterføre. Norske transportørar som opererer vogntoga sine året rundt føler dette som ekstra slitande.

Ein semitrailer eller vogntog som kjører dagens veg bruker om lag 9,5 liter diesel per mil. Med ny Vikafjellstunell vil ein ikkje berre få kortare veg, mindre stigningar og jamnare fart, men ein vil òg redusera drivstofforbruket per mil til 6,0 liter. Det betyr at ein trailer, berre éin veg gjennom Vikafjellstunellen, vil spara heile 45 liter diesel, noko som betyr både billegare transport men òg mindre skadeleg for miljøet.

Dersom vegen skal vera eit reelt vinterope alternativ for tungtransport til og frå nordsida av Sognefjorden, må det veljast ei veg- og tunelløysing som fjernar dagens stigningsproblematikk. Vikafjellstunnelen – med trygg veg mellom Vik i Sogn og Voss i Hordaland – er viktig for heile regionen. Ein får då ein vinteropen, sikker veg med moderat stigning, noko som igjen vil gje store innsparingar i direkte transportkostnader og kjøretid, men òg for miljøet.

Meny