Vossapakko

Oversiktskart Vossapakko med bomstasjonane. Enconkrysset er ikkje ein del av Vossapakko, og blir finansiert med statlege midlar. (Illustrasjon: Statens vegvesen)

Kjelde: Statens vegvesen

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad. Det er i tillegg lagt inn 25 mill. kr til prosjekt på E16 i Vaksdal til bygging av nytt kryss på Stanghelle.

Per årsskiftet 2015/2016 er fire delprosjekt i Vossapakko 1 fullført. Tiltaka på Vossevangen står att. Dette arbeidet blir lyst ut samla i 2016.

Samferdsledepartementet la den 3. april 2009 i St.prp.nr 61 (2008–2009) fram forslag om delvis bompengefinansiering av Vossapakko.

Vossapakko omfatta opprinneleg:

  • Rv. 13 Palmafoss–Mønshaug
  • Rv. 13 Voss grense–Øvre Granvin (Skjervet)
  • E16 Vangstunnelen – tunnel forbi Vossevangen
  • Tiltak på E16 i Vaksdal; kryss Stanghelle

Prosjektet har ein utbyggingskostnad på 1130 mill.kr (2009-kr); 600 mill.kr skal finansierast med bompengar og 530 med statlege midlar. To bomstasjonar blei sette i drift 8. desember 2010.

Stortinget vedtok utbygging av Vossapakko den 2. juni 2009.; jfr Inst.S.nr.233 (2008–2009). Det blei lagt til grunn anleggsstart på rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense og rv. 13 Palmafoss–Mønshaug hausten 2009. Desse to delprosjekta i «pakko» opna 20. desember 2011. Delprosjektet E16 Vangstunnelen (Tunnel bak Vossevangen) opna i desember 2013.

I den opprinnelege Vossapakko var det og sett av midlar til tiltak i Skjervet, der Turistvegprosjektet har lagt planane. Turistvegprosjektet og Vossapakko ser seg no ferdig i Skjervet, med unntak av sørvisbygget. Det er òg bygd nye og utbetra føringskantar/rekkverk langs gamlevegen.

Det var elles sett av midlar til tiltak i Voss sentrum, noko Voss kommune og Vegvesenet samarbeider om. I Voss sentrum manglar førebels avklaring om det skal brukast rundkjøring eller lyskryss på Sverresplass.

I mai 2014 blei det vedtatt at Vossapakko kunne utvidast med rv. 13 Jobergtunnelen ved Granvinsvatnet. Jobergtunnelen er i nasjonalt fokus grunna bruk av ny teknologi for driving av tunnel i lausmassar. Dette pionerprosjektet vil etter kvart få stor merksemd.

Meir informasjon på nettstaden til Statens vegvesen.

VOSSAPAKKO

Fase Byggefase
Kommuner Granvin, Vaksdal, Voss
Fylke Hordaland
Vegeier Statens vegvesen
Meny