Ny medarbeidar intensiverer arbeidet

Hanne Sundbø er ny medarbeidar i IS Fjordvegen.

Hanne Sundbø er ny medarbeidar i IS Fjordvegen.

IS Fjordvegen Rute 13 har starta opp ein prosjektperiode på to år med intensivering av arbeidet. I samband med satsinga er Hanne Sundbø frå Hjelmeland i Ryfylke tilsett som prosjektmedarbeidar i ei delstilling frå 1. oktober 2013.

Hanne Sundbø har bakgrunn frå både privat og kommunal sektor, og har arbeidd nesten 18 år med destinasjonsutvikling og marknadsføring i Ryfylke. Ho driv no å utviklar eiga næring knytt til gardsbruk og har kontor på garden.

I tillegg jobbar Leiv Vambheim (dagleg leiar) og Trude Rinaldo (konsulent) med sete i Hardangerrådet i Kinsarvik med den same satsinga.

Fokus er tosidig: profilering av selskapet og arbeidet samt konkret innsats med påverknad for konkrete samferdselstiltak.

Sist oppdatert: 23.12.2013

Meny