Heilårsreiseliv i fjordane

Internasjonal vinterturisme i Myrkdalen i Voss. (Foto: Daniel Rönnbäck)













Internasjonal vinterturisme i Myrkdalen i Voss.
(Foto: Daniel Rönnbäck)

Reiselivet i dei indre fjordane har lang tradisjon, lenge før vegen blei viktigaste transportåra.

Kombinasjon av veg- og sjøtransport er no svært populært for tradisjonell sommarturisme i fjordane, både Sognefjorden, Hardangerfjorden og Lysefjorden kan nemnast som internasjonale ikon i reiselivet.

Dei norske fjordane med fast busetnad er eit uslåeleg reisemål, og føresetnad for suksessen er at folk kan og vil bu her. Vellukka rundturprodukt med kombinasjonar av bil og båtreiser er utvikla og vinner eit kresent publikum.

Likevel er det viktigaste for å ha eit heilårs reiselivstilbod der aktørane ser mon i vidare utvikling at vegane er trygge og kan nyttast utan fare heile året. Kurs og konferansegjester skal fram til hotell og opplevingar og nyta fjordlandskapet og tilboda frå profesjonelle vertskap året rundt.

Overnattingsbedrifter og transportselskap skal kunne konkurrera med sentrale strøk om konferansegjestene. Tidsbruk og komfort på intransport, samt logistikk generelt spelar ei stor rolle for å få nøgde gjester

Velkommen til kvit vinter i fjordane! Vellukka satsing på hytter, leiligheter og vintersport er Myrkdalen på Voss. Sauda og Røldal satsar på spesielle alpingrupper. God tilkomst frå lokal- og regionalmarknaden på vestlandet er viktig for slike vinter-paradis samt avstand og sikker transport frå og til næraste flyplass for å få internasjonale kundar inn.
Vidare samferdselsutvikling for Fjordvegen er avgjerande for reiselivet i dei indre fjordane.

Sist oppdatert: 18.01.2015

Meny