Ryfast

Ryfast. (Illustrasjon: Statens vegvesen)

Kjelde: Statens vegvesen

Riksveg 13 Ryfast er eit nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og dagens riksveg 13 i Strand kommune.

Heilt sidan midten av 1970-talet har Ryfylke hatt ein visjon om og arbeidd for eit samband til Stavanger-halvøya. No er arbeida godt i gang – det lågaste punktet i Ryfylketunnelen er nådd – og sambandet er venta å opna seinhausten 2019.

Eit av Ryfast sine hovudføremål er å gi eit enklare og betre samband mellom Ryfylke og Nord-Jæren enn dagens ferje- og snøggbåtsamband:

  • Stavanger–Tau er eit ferjesamband med mykje trafikk. I 2010 reiste i snitt 2192 personar med dette sambandet dagleg. Dagleg nyttar 1580 køyrety sambandet.
  • Sambandet Lauvvik–Oanes har omtrent same biltrafikk som Stavanger–Tau, med en ÅDT på 1573 i 2009. I snitt reiste 1300 personar med dette sambandet dagleg i 2010.

I Stavanger legg ferja til kai i sentrum, og trafikken gir ekstra press på vegnettet. Trafikken frå Hundvåg og dei andre byøyane må over Bybrua og gjennom sentrum. Kapasiteten er i dag sprengd og det er mykje kø i rushtida. Presset på vegane hindrar utvikling og busetting på Hundvåg. Stavanger kommune har et sterkt behov for å leggje til rette for næringsliv og busetting på Hundvåg.

Ryfast-prosjektet sitt andre hovudføremål er å gje innbyggjarane og næringslivet på Hundvåg/Buøy eit nytt samband til fastlandet for å leggje til rette for utvikling og busetting og næringsliv på øyene.

Meir informasjon på vegvesen.no og fortløpande oppdatering på Statens vegvesen si Facebook-side om Ryfast.

RV. 13 RYFAST

Veg Rv. 13
Fase Byggefase
Kommuner Stavanger, Strand
Fylke Rogaland
Vegeier Statens vegvesen
Meny