Styret på medlemstreff

Interessert journalist Tor Inge Jøssang frå Stavanger Aftenblad intervjuar reisefølget ved ferjeleiet på Lauvvik, ved Lysefjorden. Frå venstre: Styreleiar Arne Kleppa, journalist Jøssang, dagleg leiar Leiv Vambheim og styremedlem Sigbjørn Hauge.

Styret i IS Fjordvegen Rute 13 arrangerte styrereise 28. og 29. oktober, for å møta og lytta til medlemmer, frå Sandnes i sør til Gaularfjellet i nord – ein maraton med 11 møte undervegs.

De av dykk som ikkje hadde høve til å møta oss då vil me i nær framtid ta kontakt med.
Inviter oss gjerne på eit passande møte hjå dykk!

På Utsikten ved Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Frå venstre: Arnstein Menes (leiar i samferdselsuvalet i Sogn og Fjordane), Arne Kleppa (styreleiar), Sigbjørn Hauge (styremedlem), Leiv Vambheim (dagleg leiar), Trude Rinaldo (konsulent) og Mathias Råheim (ordførar i Gaular kommune). Her blei utfordringane med dårleg vegstandard, med mellom anna utgliding av kantar, smal vegbane og dårleg dekke vist fram.

Reisefølget ventar på ferja ved Sognefjorden. Frå venstre: dagleg leiar Leiv Vambheim, styremedlem Sigbjørn Hauge, nestleiar Marta F. Halset og konsulent Trude Rinaldo.

Møte på Hjelmeland: Geir Ims i Ryfylke IKS, Arne Kleppa (styreleiar), Hjelmeland-ordførar Trine L. Danielsen, dagleg leiar Leiv Vambheim og styremedlem Sigbjørn Hauge. Journalist Magnar Riveland med ryggen til.

Møte på Hjelmeland: Geir Ims i Ryfylke IKS, styreleiar Arne Kleppa, Hjelmeland-ordførar Trine L. Danielsen, dagleg leiar Leiv Vambheim og styremedlem Sigbjørn Hauge. Journalist Magnar Riveland med ryggen til.

Møte med Sandnes kommune. Frå venstre: Sigbjørn Hauge, Arne Kleppa, Pål Morten Borgli, Leiv Vambheim, Nina Høiland, Hanne Sundbø og Per Kåre Foss.

Sist oppdatert: 06.01.2014

Meny